Drosjenæringa er i endring enten vi vil det eller ikkje. Ny teknologi har endra folks forventningar til drosjetilbodet, omsetninga i drosjenæringa går nedover, og nye bildelingstenester vil over tid gi den vanlige taxien auka konkurranse.

Difor er det viktig at vi no ser på korleis vi kan legge betre til rette for ein velfungerande drosjemarknad.

Nyleg hadde regjeringa forslag til nytt drosjeregelverk på høyring, og vi ventar å kunne leggje fram nye reglar for Stortinget før sommaren. Dette har medført ein del reaksjonar, mellom anna frå Norges Taxiforbund. I Sør-Varanger Avis 10. mars skriv leiar av avdeling Finnmark, Bjørn Eirik Mikkola, at vi no legger opp til eit lausarbeidarsamfunn og sosial dumping. Dette er heilt feil.

Vi skal ikkje ha eit frislepp av drosjenæringa, eller fjerne reguleringane. Det vil ikkje vere fritt fram for alle med ein bil å få drosjeløyve, som Norges Taxiforbund påstår.

Vi vil oppretthalde kravet om løyve. Og for å få eit løyve må den som søkar også oppfylle fleire krav, som mellom anna god vandel. Vi vil også ha strengare  krav til bilførars  fagkompetanse .

Eg har vore oppteken av at det framleis skal være gode drosjetilbod i distrikta. Fylkeskommunane skal difor kunne gje einerettar til enkelte aktørar. Denne eineretten vil på mange måtar fungere slik som behovsprøvinga gjer i dag. Lokale styresmakter vil slik ha gode verkty for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod utanfor dei store byane.

Det vil også stillast krav til sikkeheit for køyretøyet. Vi vil med andre ord ikkje gjere det fritt fram for alle med ein bil til å kunne køyre drosje.

Vi kommer ikkje unna endringane som skjer i drosjenæringa. Vi ønsker større konkurranse i byane og moglegheit for bruk av ny teknologi, samtidig som vi sikrar tilbodet i distrikta. For å oppnå dette må vi syte for at dei som vil bruke taxien faktisk bruker dette i den regulerte delen av næringa.

Med forslaget til nytt regelverk legger regjeringa til rette for nettopp det.

Jon Georg Dale (Frp)
Samferdselsminister